tirsdag 29. januar 2008

Steffen


Mitt navn er Steffen. Eg er ein 21 år gammal mann, føydd og oppvaksen på ei øy som mange vil karakterisere som Norges svar på Hawaii, Solund. Då eg var 16 år følte eg meg klar for nye utfordringar og nye mennesker i livet mitt, så eg flytta til Florø for å gå på almenne og økonomiske fag i 3 år. Dette gjekk ganske mediokert og Steffen gjekk lei av skulegåing.


Eg vart då redda av eit nydeleg skreve brev frå militæret om at eg vart innkalt til luftforsvaret på Madla januar eit halvt år seinare. Det vart då pause i skulegåinga for min del og eg flytta heim til Solund for å jobbe på fiskeoppdrett eit halvt år. Eg levde det gode liv i 6 månadar der eg kunne bade i pengane mine om eg ikkje hadde brukt dei opp. Så kom endeleg januar og eg satte meg på flyet til Stavanger og seinare buss til Madla. Det var veldig spennande og mammas lille gutt (meg) skulle endelig få bryne seg på det alle ekte menn må gjennom, det vart 8 dagar til eg fekk betennelse i knea og måtte reise heim. Dei såg antakelig på meg at dette var ein mann som var for god for militæret sidan dei ikkje ville ha meg tilbake.


Eg tok i mot komplimentet og reiste heim og slappa av eit halvt år før eg igjen skulle begynne på skule igjen. Eg levde fortsatt eit bedre liv sidan eg kunne heve arbeidsledighetstrygd. Eg kom inn på revisjon på høgskulen i Molde og gleda meg veldig til endeleg få lov til å teste mi læringsevne på skule igjen. Eg flytta til Molde som 20-åring, etter å ha budd det halve året med arbeidsledighet hos mi kjære mor i Volda.


Eg flytta sammen med bestekompisen min, Jan-Eivind, i Molde, gjekk lei av skule etter et par veker. Eg gjorde det akseptabelt det første semesteret, men så brydde eg meg ikkje meir. Resultatet for det andre semesteret forblir dermed usagt.


I april vart eg tipsa om Sunnfjord Folkehøgskule og eg såg litt rundt og bestemte meg for at eg ville flytte tilbake til Sogn og Fjordane og då vart Sunnfjord fhs, den skulen som frista mest. Eg søkte og kom inn på reiselivslinja etter at Sport & Adventure ikkje vart starta opp.


I slutten av august møtte eg opp spent og klar for å møte nye folk. Den første veka tilbrakte vi på Nesholmen, uten mobiltelefon eller noke, det var egentlig ganske kjedelig, men eg fekk treffe den hyggelege klassa mi. Deretter reiste vi på tur kun med klassa, det var mykje kjekkare og vi vart mykje bedre kjent ganske fort. Vi har sida den tid vore i Bergen, Oslo, Spania, etc. Hatt diverse feriar.


Eg var på mitt livs drømmereise i haustferien då eg reiste til Liverpool for å sjå mitt lag (Liverpool) spele mot Tottenham. Det endte 2-2, men turen var noke eg aldri kjem til å gløyme. Det vart likevel satt i skyggen av at eg vart sammen med den beste jenta i verden, Christine, som også går i klassen min. No gleiar vi alle oss til å reise til Egypt.


Odd-Erling tvingar meg til å skrive interressene mine så her kjem dei; eg er veldig glad i fotball og spesielt då Liverpool, eg likar å høyre på musikk, ser gjerne ein film i ny og ne, og også gode tv-seriar er ikkje å fornekte. Andre ting som interresserar meg kjem eg ikkje på no, så dersom du har klager så skriv du et brev og sender det til Odd-Erling på Sunnfjord fhs.

Ingen kommentarer: